Innkalling til årsmøte i Folkeakademiet Hordaland
Laurdag 23. Mars 2019
Grand Hotel Terminus
Kl. 10 – 14
Program for dagen
Kl. 09.30 Kaffi & Rundstykke
Kl. 10.00 Kunstnarisk innslag
Kl. 10.15 Vegen mot Vestland ved Marianne Ose Askvik
Kl. 11.00 Generalsekretær i Folkeakademienes Landsforbund Pål Djuve
Kl. 11.45 Kaffipause med frukt
Kl. 12.15 Det formelle Årsmøtet
Kl. 13.30 Lunsj i restauranten
Kl. 18.00 Teaterframsyninga «Heim 2» på Hordaland Teater.
Hotell og teater:
Dei som ynskjer overnatting må tinga dette sjølv på tlf. 55 21 25 00 eller sende e-post til booking@grandterminus.no og bruk bestillingskode 4224674. Enkeltrom 900,- Dobbeltrom 1100,- båe er inkludert frukost. Teaterbilletter tingast ved påmelding og påmeldinga må då vere oss i hende 20. februar. Billettpris er 290,- (ordinær pris kr. 450).
Kven kan delta?
Vi ynskjer alle deltakarar velkomne til årsmøtet, men berre éin representant kan ha røysterett per lokalakademi og per kollektive medlem. Styremedlemmer har møtetale- og stemmerett. Styremedlemmer har ikkje stemmerett i saker dei sjølve har ansvar for, og som presenteres for avstemming på årsmøtet. Bedrifter og personlege medlemmer har møte tale og forslagsrett. Styret rår at utsendingar ut over dette skal få status som observatørar med tale- og framleggsrett.
Påmelding
Meld deg på til hordaland@folkeakademiet.no. Gi beskjed om du ynsker teaterbillett (kan ikkje refunderast). Frist for påmelding er fredag 1. mars eller 20. februar for dei som ynskjer teaterbillett. Sakspapir vert sendt ut til alle påmeldte etter fristen.
Varmt velkomen!