Samspel, Ingvild Kjøsnes


Om kulturutøveren

Eg heiter Ingvild Kjøsnes og er utdanna idrettspedagog. I 2015 starta eg mitt enkeltpersonføretak; Samspel og har sidan hausten 2017 jobba med kun bedrifta 100%. Eg har fokus på å bruke naturen og områda rundt oss i eit helseførebyggande perspektiv. Dette gjer eg gjennom å arbeide med fysisk aktivitet, mental trening men og korleis ein kan bruke naturen til å få rike smaksopplevingar. Eg har mellom anna utetrening, bedriftstrening, mental trenings-kurs, lavvoturar, friluftsopplevingar, sankekurs og fleire prosjekt for born og unge med Fjaler og nabo-kommunane.

Eg synes det er utruleg kjekt å møte folk der dei er, og tilrettelegge for ein sunn og aktiv livsstil som passar til folk sin kvardag. Eg synes det er veldig spennande å finne alt vi kan bruke og nytte oss av i naturen og det er difor det meste eg tilbyr føregår ute.



Om aktivitetene som tilbys:

Som nevnt ovanfor er det fleire ting Samspel tilbyr, men inne her tilbyr eg sankekurs. Eg har holdt sankekurs i 3 år og det er om våren eg er dyktigast på sanking.  Når eg seier sankekurs dreier det seg om å sanke plantar, urter, blomster osb frå naturen og tilberede dei og lage noko godt av dette. T.d granskudd, groblad, løvetann, engkarse, marikåpe, brennesle, ramsløk, og tang for å nemne nokre.

På eit kurs er vi saman i 3 timar, der vi startar med ein kort intro til sanking – deretter går vi alle ut og sankar bestemte plantar som eg har tenkt vi skal lære om denne dagen. Eg avgrensar det alltid til maks 6 sortar for tanken er å lære seg så godt om nokre sortar at ein kan kjenne dei igjen på eiga hand og bruke dette etter kurset og. Når ein sankar fortel eg mykje om dei plantane me skal bruke, og vi snakkar alltid om fleire ting vi ser, utvekslar erfaringar og smakar mykje på det vi kan og finner. Vi sankar i litt over ein time, deretter sorterar vi alt vi har sanka og deler oss i grupper. Så får ein lage små rettar/tilbehør av det vi har sanka. Dette gjer vi på den måten at først lagar ein t.d. pesto, deretter noko av neste planta og så rullerer ein slik at alle får lage det same og bruke alle plantane. Etterpå avsluttar vi med eit smakemåltid og smakar på alt vi har laga. Alle deltakarane får oppskrifter på det vi har laga med bilder av plantane. Det er eit utruleg lærerikt og sosialt kurs fordi det er masse dialog, og det er så kjekt å lære av kvarandre. Sjølv om eg er den som skal lære ifrå meg, så opplevar eg på kvart einaste kurs eg har hatt at eg alltid lærer noko sjølv, så det er veldig kjekt. Kurset er ein utrulig bra måte å bli kjend med plantar som er nærme oss, det er plantar som finst overalt og difor lett å prøve på eiga hand.

Eg er avhengig av å få ein kontaktperson der eg skal ha kurs som kan sjekke litt ut kva plantar som er der av dei eg spør om slik at eg kan tilpasse kurset til kvar eg reiser. På mine kurs har eg hatt alt frå folk som aldri har sanka før til folk som sankar mykje – og alle har vore positive og reiste heim med ny lærdom i bagasjen!


Pris

Kontakt Ingvild Kjøsnes for pris.

Type:

Annet
Foredrag

Målgruppe:

Barn
Eldre
Ungdom
Voksne

Passer for:

Barnehage / barneskole
Faginnhold til konferanse
Institusjoner
Ungdomsskole / VGS