«Det kan skje på di vakt» – Foredrag med Fredrik Johan Helland

Me lever i eit samfunn i endring, og me kan ikkje rekne tryggleiken og fridomen vår som sjølvsagt.

Fredrik Johan Helland var i fyrstegongstenesta i 1. gardekompani i Hans Majestet Kongens Garde i åra 2010–2011. Der opplevde han korleis garden løyste oppdraget sitt 22. juli 2011 – den største prøva deira sidan den andre verdskrigen – og kjende på kroppen kor viktig leiarskap og øving er før krisa er der.

Nokre månadar før var gardistane gjennom ein periode der haldninga «det skjer ingenting på mi vakt» fekk rom til å gro. Fleire opplevde tenesta som meiningslaus. 22. juli var det desse gardistane som var på vakt. Og dei måtte vise at dei var klare til å gjera oppdraget dei var sette til.

Helland arbeide fram til sumaren som journalist og radioprogramleiar i NRK Vestland, og jobbar no i Luftforsvarets 330 skvadron og redningshelikoptera ved Florø lufthamn. Helland blei i 2013 tildelt Gardemedaljen i bronse, mellom anna for innsatsen 22. juli.

Stader han vitjar:

Uke 37   FA Agder  /FA Midtlandet FA TeVeBu  
FA Kongvinger  Tir 09.09 kl. 18:30   Kongsvinger bibliotek  
FA Kristiansand  Ons 10.09 kl. 19:45  BUL 
FA Vinje Tor 11.09 kl. 11:00   Vinjesenter  
Uke 38 FA Sogn og Fjordane  
Ljosheim grendalagtirs.16. sep- kl. 20.00 Ljosheim grendahus 
FA Balestrand ons. 17.sep- Balestrand 
FA Bremanger tor.18.sep- kl. 17.00 Bremanger Folkebibliotek   
FA SvanøyFre. 19.sep-  kl. 19.00 Svanøy kro  
FA Askvoll lør. 20.sep- 18.00 Stongfjorden pub 
Uke 39  FA Midtlandet  
FA Orkdal  Tir 23.09 kl. 19:00  Orkdal Bibliotek
FA Skaun Ons 24.09 kl. 19:00 eller 19:30 Skaun rådhus
FA Melhus  Tor 25.09 kl. 18:00 Melhus Rådhus