Line Dybedal

Om kulturutøveren
Bli med inn i eit musikalsk landskap der drøymande melodiar og ektefølte tekstar smeltar saman til noko heilt unikt. Line Dybedal malar sterke og levande bilete med musikken som lerret og teksten som pensel – ei oppleving som treff både hjartet og sjela.
Line Dybedal er artist, forfattar og låtskrivar frå Selje i Sogn og Fjordane. Musikken hennar har vore mykje spelt på både NRK P1 og P3, og hennar album har fått strålande kritikk – med terningkast 5 og 6 frå begeistra anmeldarar. I 2023 vart ho kåra til Årets artist under Luttprisen (NRK Sogn og Fjordane), der juryen hylla hennar sterke musikalske identitet og unike evne til å fange kjensler i musikken. Dybedal har gitt ut tre album, to EPar, ho har forfatta barneboka Eit hjarte til jul, utgjeve på Samlaget, samt skrive musikken til barne-TV-serien Bli med heim på NRK Super.
Med si varme og klåre stemme, akkompagnert av dei funklande tonane frå gitarist Mathias Marstrander, tek ho deg med på ei reise fylt av stemning, nærleik og musikalsk magi med tekstar der havet og naturen langs kysten stiller sterkt.
Med hennar nære og ærlege tekstar, kombinert med ei klar stemme som varmar hjartet, inviterer Line Dybedal til ei stemningsfull konsertoppleving.
Om aktivitetene som tilbys:
* Konserten “Til havet” består av låtar frå albumet mitt “Armeria maritima” (keltisk for strandnellik), samt nokre kjende songar og eigne, festlige historier som har havet i seg på ein eller annan måte. Tekstane handlar om havet, kysten og bygdene, ofte der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Eg har sjølv vakse opp på kaia eller i ein båt og har kystkulturen nær hjartet. Nokre stader, der det passar seg, har eg også med eit sceneteppe (+projektor) der eg viser vakre bilete og film frå kysten på lerret. Mange stader ved kysten er ikkje dette nødvendig, då naturen talar for seg sjølv.
Varighet 60 min+. Denne konserten kan eg levere åleine eller som duo. Eg har turnert fleire runder saman med gitarist Mathias Marstrander. Vi har alt av lyd-, bilete- og lysutstyr sjølve.
* “Eit hjarte til jul” er ei barnebok eg debuterte med i 2021 (Samlaget) med musikk til. Musikk og bok vart til ei forestilling, støtta av Teater Vestland, Rom for ord, Nynorsksenteret og Vestland Fylkeskommune. Denne forestillinga har no blitt spelt over seksti gongar, i hovudsak i Vestland og Møre og Romsdal fylke.
Den musikalske juleforteljinga “Eit hjarte til jul”
Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Det som sjølvsagt er spennande er om mamma vil få eit hjarte i tide og om det vil kome før jul. Ein annan ting Nora tenkjer mykje på er om mamma vil vere den same med eit nytt hjarte? Vil mamma vere glad i henne på same måten? For ho har jo lært av kjærleiken sit i hjartet. Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen!
Eit hjarte til jul er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om det å ikkje gi opp håpet. Tilbakemeldingane har vore at forestillinga var fengslande og spennande, rørande, trist, koseleg og litt julete.
Line Dybedal fortel, syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias Marstrander. Han rammar inn forteljinga
med musikalske stemningsbilete. Publikum får fylgje historia om Nora frå blad til blad. Line Renslebråten sine illustrasjonar blir viste i stort format som ein del av scenografien.
Varighet ca 30 min.
* “Vinterkveld” er ein konsert som med litt justeringar kan leggast før jul – eller etter jul. Eg har fleire sjølvskrivne vinterlåtar, samt nokre julelåtar og i ein miks med kjende, kjære julesongar, (eller andre lune songar i ei elles kald årstid) artige historier frå eige liv og ein liten “basar” med utlodning av plate, bok m.m vert dette ei stemingsfull og fredeleg stund.
Målet med å halde akkurat denne konserten er å gi publikum ei ro, om berre for ein god time – i ei elles hektisk førjulstid. Det ikkje vere så mykje glitter og stas, men heller ei slags nærheit til julebodskapen – som jo er ulik for mange, og difor tek vi med oss både salmane og dei andre songane, som handlar om vinter, det å vere saman og om å finne lys i mørketida.
Varighet ca 75 min.
Kontakt for å bestille
linedybedal@gmail.com 41242492 https://open.spotify.com/track/7xAUfMLOdwAQKjm7eKnmUb?si=cbf0f77693e54dde
Pris
16000 for konsert/forestilling + reise og opphold
Type:
Målgruppe:
Passer for: