Oddrun Midtbø


Om kulturutøveren

Eg har arbeidd som frilansjournalist i rundt 40 år, i tillegg til å vera tillitsvald i Norsk Journalistlag – nasjonalt og på europeisk nivå.

I 2023 gav eg ut boka “Harastølen. Heimen for dei utstøytte” som vart kåra til Årets indiebok i kategorien sakprosa. Eg oppdaga at interessa for denne type historier er stor, og at eg  likte å halda føredrag.

To år etter, 2025, lanserte eg boka “Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria”. Begge bøkene er gitt ut på eige forlag og har fått gode tilbakemeldingar, av bokmeldarar og når eg held føredrag.

Klassekampen. Dag og Tid. Morgenbladet.



Om aktivitetene som tilbys:

Eg held føredrag (45-60 minutt) med bilete/illustrasjonar. Open for spørsmål undervegs eller i etterkant.

Det er knytt mange spørsmål, mytar og historier til det majestetiske bygninga høgt oppe i fjellsida i Sognefjorden. Mange over heile landet har ei kopling til staden gjennom slektningar som har vore pasientar eller som har jobba der.  Harastølen vart fyrst bygd for tuberkuløse, deretter nytta som psykiatrisk sjukeheim og etter kvart flyktningmottak.

Når det gjeld boka Lobotomert har eg funne svar på spørsmål som:

• Kvifor var Noreg blant dei landa i verda som lobotomerte flest, i høve innbyggjartalet?
• Kvifor vart det sagt at denne metoden passa spesielt «godt på kvinner»?
• Kvifor vart metoden brukt fleire ti-år etter at medisin var teken i bruk i mange andre land?
• Kva meinte fagfolk den gongen, og kva meiner dei no om det som skjedde?
Bakgrunnen for den boka var at eg heilt tilfeldig oppdaga ein slektning, ei grandtante, som vart lagt inn som “sinnssjuk” som 20-åring. Ho levde på institusjon fram til ho døydde 86 år gamal. Kampen om innsyn i pasientjournalen hennar engasjerer og er blitt ei bok i boka.


Kontakt for å bestille

oddrun@oddrun.com 95861776 http://oddrun.com

Pris

Eg bruker satsane til Norsk forfattersentrum:

kr. 7 100 + reise og diett.

Type:

Foredrag

Målgruppe:

Eldre
Ungdom
Voksne

Passer for:

Faginnhold til konferanse
Institusjoner

Relaterte kulturutøvere: